Ut på tur! Reiselivsmessa på Telenor Arena

Photo by rawpixel.com on Pexels.com

Ein treng ikkje å reise så langt for å få gode opplevingar. Denne helga står Reiselivsmessa i Telenor Arena for tur, og vi gleder oss stort! Vi skal ikkje ha stand, men det blir kjekt og inspirerande å møte både reiseglade og knytte nye kontakter for framtidige turar. Har stor tru på at dette blir årets høgdepunkt på inspirasjonssida.

Planleggingsfasen er kanskje den viktigaste fasen i reisa. Er ikkje grunnarbeidet gjort skikkeleg, er sjansen stor for turen ikkje blir akkurat slik ein hadde tenkt. Samstundes er ein god dose sponanitet kanskje akkurat det som skal til for at reisa blir unik! Og sannsynlegvis gje deg minner du seint vil gløyme.

Eg minnast ein familietur til Egypt for ein del år sidan, vi var heile storfamilien med foreldre, barn og barnebarn på eit flott og luksuriøst kompleks i Sharm el Sheik. Det var verkeleg 1001 natt henta rett ut fra Alladins verden! Etter å ha vore der i ei god veke, kom lysta til å oppleve meir. Eg , bror min og pappsen var klar for ein liten taxitur for å utforske litt meir enn sjølve byen. Korleis vi kom på ideen veit eg ikkje, men vi enda ihvertfall opp i ein liten beduin- leir litt utanfor allfarveg. Vi vart innviterte på te på eit teppe ute på gårdsplassen, mens søppel og skrot låg litt over alt. Dette her synest vi var så koseleg, spesielt og unikt, at vi avtalte med beduinane at vi skulle ta med oss resten av storfamilien på tebesøk og kamelriding dagen etterpå. For dette var verkeleg noko alle burde få oppleve! Vi betalte nokre få myntar for servering og reiste oppglødde tilbake til resten av gjengen. Neste dag drog vi avgarde igjen, 4 drosjer fulle av forventningsfulle turistar. Denne gongen vart opplevelsen heilt ein annan. Kamelane kom, og tok oss med på små turar rundt teppet….., teen vart servert og rundt oss stod det menn som var meir enn klar for å loppe av oss alt vi hadde av pengar. Og loppa vart vi. Stemninga var til å ta å føle på etterkvart som dei begynnte å kreve pengar av oss. Vi nærmast heiv i frå oss alt av kontanter og rømde til drosjene. Fattige, litt småredde og lykkelege for at vi kom oss derifrå med ungane våre i behald. Eit spontant og eit planlagt møte, to forskjellige opplevingar, og eit minne som vi aldri gløymer!

Har du tenkt deg på messa i helga? Kanskje vi sjåast!

Port de Soller , Mallorca!

Er i sluttfasen på planlegginga av treningstur til Mallorca , mars 2019! Vi tar med oss eigen fysioterapeut som er utdanna til å kurse i mange ulike treningsformer. Denne gong med hovedfokus på pilates. Veldig spennande!

 

port-de-soller-1841316__340

Port de Soller er fra tidlegare dager havna til landsbyen Soller som ligg lenger opp i høgda. Mellom desse to stadane går det eit gammalt sjarmerande tog. (Toget går heilt til Palma) Det er flotte turstiar i heile området rundt desse to landsbyane.

mallorca-2911323__340

 

Blir ei veke med trening, vandringsturar, kultur, mat og vin, og ikkje minst påfyll av positiv energi!

Gruppereiser er for meg blitt ein favoritt. Fantastisk å kunne reise saman med andre som ein kanskje ikkje ville blitt kjent med ellers!

Kun små detaljar igjen, før turen blir lagt ut…..

Interessert? Følg oss på facebook, Tora Reiser, så får du med deg programmet når det er publisert!

Port de Soller

Ha ein fin dag der ute!

Vårt første innlegg!

ball shaped blur close up focusMykje spennande på gang hos oss i Tora Reiser, og no har vi laga oss ein blogg. Sidan vi held til midt i nynorsk-land, vil vi so langt det lar seg gjere halde på dialekta vår. På bloggen vil vi å dele reisopplevelsar, turtips, råd og  bilder med dei som vil følge oss. For tida har vi fokus på å få neste års reisemål klare, samtidig som nettsida torareiser.no har fått ein skikkelig makeover! Håper mange vil følge oss på vegen:)